Skiskole

Alpint - Snowbord – Telemark – Langrenn

PERSONLEG TRENAR.

Alle greiner, alle dagar.

 

Søkjer du nye utfordringar eller spenning? Då tilbyr vi deg personleg trenar heilt for deg sjølv, eller saman med andre. Det er ditt val. Den personlege trenaren møter deg på ditt nivå og hjelper deg til å bli betre og sikrare på ski og brett. 

 

Kvifor velje saman med andre?

Det er sosialt, du får nokon å utveksle erfaringar med, du kan lære av spørsmåla andre stiller. Er det mange år sidan du har vore i ein alpinbakke, kan det vere greitt å vere med i ei gruppe og ta ting gradvis for å få tilbake sjølvtilliten.

PERSONLEG TRENAR.

Alle greiner, alle dagar.

 

BYRJE PÅ RETT NIVÅ.

 

Det er viktig at du kjem på rett nivå frå første dag.

Sjå på inndelinga, og finn ut om du er nybegynnar, lett øvd eller øvd.

 

NYBEGYNNAR:

• Du har liten eller ingen erfaring.

• Du treng hjelp til å køyre heis.

• Du treng grunnleggande instruksjon.

• Du vil gjerne ut og stå på ski eller brett.

 

LETT ØVD:

• Du køyrer bra, men bruker mykje plog.

• Du køyrer ofte på kryss i heile bakken.

• Du vegrar deg mot dei raude løypene.

 

ØVD:

• Du køyrer parallellsving.

• Du køyrer i dei raude løypene.

• Du ønskjer å betre teknikken din.

• Du ønskjer å køyre friare på ski.

PRISAR - alle dagar, alle greiner og nivå.

Enkeltime 1 person 600,-

Enkeltime 2 personer 500,-

Dobbeltime 1 person 1000,-

Dobbeltime 2 personer 700,-

 

Enkeltime = 45 min

Dobbeltime = 90 min

Pris per person

Heiskort kjem i tillegg.

 

Påmelding seinast dagen før til Albert på mobil 952 54 800 eller e-post: aeg@adsl.no.

 

Ved påmelding pr. e-post, hugs å gi opp mobilnummer, slik at vi kan ta kontakt for å avtale nærare.

 

 

Velkommen til ein tur i bakken! Vi vil sørgje for å gi deg dei nødvendige kunnskapar til å få ei oppleving du seint vil gløyme!