Velkommen til Arena Overøye

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

I dag 5. februar 2012 kl 07.50: Lettskya, opphaldsver, vindstilt, -3 grader.
På garden Overøye er snødjupna no 120 cm.
Det er svært gode forhold i alpinbakkane.

Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl 18.00 til kl 21.00

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden

Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen


Universell utforming ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 03.04.2010

Den siste tida har det vore arbeidt med å gjere Arena Overøye lettare tilgjengeleg for rørslehemma. Vi viser i den samanheng til arrangementet 20. februar i år der ein kunne få sjå og lære meir om ulike hjelpemiddel som sittande alpinski og diverse utstyr for aking og langrenn. Arena Overøye har følgt opp dette vidare. For eit par dagar sidan vart det sett opp skilt som viser reserverte parkeringsplassar for rørslehemma. Desse plassane ligg så nær ved påstiginga for familietrekket som det er råd å kome med bil. Dagleg leiar Rune Støversten opplyser vidare at dei vil gjere visse endringa for å gjere varmestova lettare tilgjengeleg, og dessutan arbeide vidare med saka slik at Arena Overøye på sikt kan bli eit senter for slik sport.

Orientering om aktivitetsdag

Bildetekst: Moro på ski
Foto: Arena Overøye


Utfarten til Arena Overøye så langt i påska 2010
Kristian Almås  - 03.04.2010

Skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan viser billetteringssystemet ved skisenteret persontala ca 1100, ca 1200 og ca 1000. Alle dagane har parkeringsplassen vore full, og det har stått parkerte bilar langs fylkesvegen. I tillegg til dette har det stått parkerte bilar på ei lang rekke private parkeringsplassar. Det ville ikkje vere vanskeleg å telje opp 300 bilar også på desse plassane, slik at det totale biltalet ville bli rundt 800. Når ein tenkjer på at bilbrukarane stort sett er familiar, kan ein i området lett rekne eit besøkstal på 2000 personar alle desse dagane.


Turløypene i Stordalsfjella
Kristian Almås  - 02.04.2010

Med utgangspunkt på parkeringsplassen i Overøye finn ein no eit løypenett med rundt rekna 30 km oppkøyrde turløyper. Denne påska har vi særleg sett at naturreservatet Seljebotsmyrane blir meir brukt som turområde. Mange nyttar turløypene der og andre stader, og mange sender varme tankar til Stordal Fjellservice som syter for vedlikehald av løypene. Men mange nøyer seg ikkje berre med det, men dei sender også tilskott til løypekøyringa til konto 3910.16.41515, som er driftskonto for Stordal Fjellservice.

Stordal Fjellservice Løypekart

Bildetekst: Grillfest ved turløypa på Seljebotsmyrane.
Foto: Kristian Almås


Påska 2010
Kristian Almås  - 31.03.2010

Mange har besøkt Arena Overøye så langt i påska. Vi kan melde om gode forhold i bakkane. For nokre dagar sidan fekk vi til saman 15 cm nysnø, og snøen vil vare påska ut og lenger enn det.

Dei fleire hundre hyttene i Stordalsfjella blir flittig brukt i påska, og den store trafikken av dagsturistar ventar vi frå i morgon og ut påska. Vermeldingane er gode, og alt skulle ligge til rette for gode opplevingar i friluft og med ski på føtene.

Bildetekst: Styreleiar i Arena Overøye Kaj B. Westre. Med på ATVen har han diverse utstyr som kan brukast i samarbeid med Stordal Skipatrulje under eventuelle redningsaksjonar.

Foto: Kristian Almås


Skidemo
John Kristian Hjelle  - 27.03.2010

Søndag 11. april vert det skidemomonstrasjon ved Intersport i Arena Overøye.


Stordal Skipatrulje er på vakt i påska
Kristian Almås  - 24.03.2010

Arena Overøye held ope i påskeveka, og Stordal Skipatrulje har vakt alle dagar. Sidan starten har dei hatt ein del mindre oppdrag i Overøye og i området rundt skianlegget, men heldigvis har ingen blitt alvorleg skada til no. Stordal Skipatrulje har skaffa seg ein del utstyr for oppdraga sine. Dei disponerer snøscooter, og dei har kjøpt inn ein del ting som for eksempel søkestenger og ullteppe. Dette gjer at dei no står bra rusta til den store utfarten som vi reknar med vil kome i påska.

Bildetekst: Vaktmannskap søndag 21. mars. Frå venstre: Kenneth Skrede, Janne-Elisabeth Busengdal, Svein-Roger Slyngstalid og Håvard Olsen.

Foto. Kristian Almås


Skuleskidag onsdag 24. mars
Kristian Almås  - 22.03.2010

Skuleskidagen 17. mars vart utsett på grunn av mykje snø og rasfare. For Stordal skule og Liabygda skule er ny dato sett til førstkomande onsdag. Snøforholda har no betra seg mykje, og verutsiktene er heller ikkje dårlege.

Bildetekst: Ved toppen av T-trekket
Foto: Kristian Almås


Store snømengder
Kristian Almås  - 16.03.2010

Snødjupna i Overøye er i dag 190 cm. Eit raskt tilbakeblikk på tidlegare registreringar av snødjupner i Øvre Stordal viser at vi for berre to år sidan, den 19. mars, hadde ei snødjupne på 210 cm. Går vi tilbake til år 2000, målte vi 250 cm både 16. mars og 24. mars. Det viser seg ofte at dei store snømengdene kjem i mars månad.
Trakkemannskapa i Overøye arbeider for fullt, og dei greier i alle fall å trakke store deler av traseane, slik at det skal la seg gjere å avvikle skuleskidag i morgon for den skuld. Alle som ferdast i området no, bør halde seg i eller i nærleiken av opptrakka løyper.

Bildetekst: Trakkemaskinane baskar i store snømengder: Bildet er tatt i Bratthenget måndag 15. mars om kvelden.
Foto: Magnus Selboskar



-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as