Der Vognhusløken kryssar vegen til Seljebotn vart det sist haust opparbeidd ein ny parkeringsplass. Her kan skituristar parkere og gå over Seljebotsmyrane og vidare til Langsætrane. På Langsætrane kan dei kome inn på alle dei andre løypene som Stordal Fjellservice køyrer opp på vinterstid.
Bildetekst: Parkeringsplassen ved Vognhusløken med
Storhornet i bakgrunn
Foto: Kristian Almås
Ved god utnytting kan denne parkeringsplassen ta 10-15 bilar.
Det ser ut for at fleire etter kvart oppdagar det fine
skiterrenget der. Naturen er variert med litt furuskog og
andre treslag, men ikkje slik at skogen stengjer for
utsikt.
Turløypemannskapa gjer ein rosverdig jobb i
turløypene. Både på Seljebotsmyrane og
på andre sida av elva og elles har løypene den
siste tida hatt høg standard. Så langt har ikkje
strekningane gjennom Jolbotn, frå Trollkyrkjegarden til
Litlevatnet og frå Storvasshytta til For Fattig og Rik
vorte oppkøyrde, men det vil sikkert kome når
snøforholda blir meir stabile og sola kjem
høgare på himmelen.
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--