Vellykka skidag

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 15.03.2011

Det vart ein fin dag med sol og god temperatur i Stordalsfjella. Spjelkavik barneskole og ein del elevar frå Borgund videregående skole har skidag ved Arena Overøye og i turområdet. Teljeapparatet ved skisenteret viser bortimot 400 personar i trekka, og mange er på bortovertur i turløypene. På parkeringsplassen kan vi telje opp 10 bussar, og i tillegg til dette har mange foreldre og andre køyrt til Overøye, og alle har altså ein strålande dag med sol og snø. Vi reknar med at den totale utfarten i dag ligg på rundt 700 personar.

Bilde: Monica Olsen og Jan Petter Larsen er to av foreldra som har køyrt til Overøye i dag.
Foto: Kristian Almås


-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as