Alpepass: www.alpepass.no
Stordal Kommune: www.stordal.kommune.no
Informasjon om Stordal kommune: www.stordalsportalen.no
Skiinfo: www.skiinfo.no
Turskiportalen: www.skiingnorway.com
Visit Norway: www.visitnorway.com/no
Spjelkavik Rødekors: www.spjelkavik.redcross.no
Fjellservice: www.stordalil.no/fjellservice
Stordal Alpin: www.stordalalpin.no
Fjellbakken/Stordal IL hoppgruppe: www.stordalil.no/hopp
Stordalsferien: www.stordalsferien.no
Nilsgardstunet: www.nilsgardstunet.no
Stordalshallen: www.stordalshallen.no
Fjellbakken ligg på Stavsengfjellet like ved riksvegen
mellom Stordal og Liabygda. Det som kort kan seiast om denne
bakken, er følgjande:
Fjellbakken har i alt fem hoppbakkar med storleik frå
10 til 70 m. Bakkerekorden i den største bakken er
74,5 m. Der er skitrekk til alle bakkane, og i tillegg finst
det varmestove som vart bygd for om lag 8 år sidan.
Bakkeanlegget som vart bygt på byrjinga av 90-talet, er
eigd av eit andelslag, der eigarane er idrettslaga i Stordal,
Liabygda og Valldal. Bakkeanlegget er ope for trening
på tirsdag, torsdag og laurdag, og andre dagar etter
behov og ønske. Kvart år blir det arrangert
fleire kretsrenn og i tillegg enkelte år også
landsrenn. Bakkeanlegget er eit av dei få i kretsen som
har drift heile sesongen - og blir dermed ofte nytta av
kretsen sine hopparar. Dei seinare åra har også
jentene blitt ivrige i bakken.
Les meir om aktivitetane i Fjellbakken, og sjå bilde ved å følgje linken ovanfor.
Stordalshallen har blitt meir og meir kjend, etter kvart som tilboda stadig vert utvida. Om ein besøkjer Stordalshallen, kan ein vere med på ei rad ulike aktivitetar, og det er mange som også vel å overnatte der. Stordalshallen har eit godt utstyrt kjøkken, og overnattinga skjer på flatseng.Opplegg, der ein kombinerer skiaktivitet på dagtid med mellom anna instruksjon i klatring, skyting og trampoline og elles nyttar alt det Stordalshallen har av utstyr, har vist seg å vere svært populære. Dette er sjølvsagt mest aktuelt for grupper. Spjelkavik videregående skole sine skiekskursjonar hit er det beste dømet på kor flott dette kan vere. Skulen har vitja oss kvar vinter heilt sidan vi opna i 1997, og på det meste har det vore med godt over 100 deltakarar. Også mindre grupper vil sjølvsagt kunne gjere seg nytte av tilboda.
Besøk Arena Overøye, og få ei flott oppleving! Kombiner dette med å bu i Stordalshallen og få med endå meir! I tillegg kan du få med deg ein dag, eller to, ekstra på ski!
Les meir om det Stordalshallen har å by på ved å følgje linken ovanfor.
Les meir om opplegga til Spjelkavik videregående skole
her:
http://www.stordalshallen.no/Artikkel.aspx?AId=984&back=1&MId1=271
http://www.stordalshallen.no/artikkel.aspx?MId1=271&AId=684&Back=1