Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Velkommen til Arena Overøye

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

I dag 5. februar 2012 kl 07.50: Lettskya, opphaldsver, vindstilt, -3 grader.
På garden Overøye er snødjupna no 120 cm.
Det er svært gode forhold i alpinbakkane.

Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl 18.00 til kl 21.00

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden

Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen


Stordal Fjellservice har fått ny løypeleggingsmaskin
Kristian Almås  - 17.12.2010

Den nye løypeleggingsmaskinen kom i går og vart prøvekøyrd på den nye skiløypetraseen frå Overøye til Puskebrua. Prøvekøyringa gjekk greitt, og skiløypa på denne strekninga er no klar til bruk. Dette er ein moderne maskin av merket Pisten Bully 100 med mellom anna GPS-utstyr. Når løypelegginga er i gang, kan ein over Internett på kart til ei kvar tid sjå kvar maskinen er. Der vil ein også kunne sjå kva strekningar i løypenettet som er preparerte, og når dette sist vart gjort. For Stordal Fjellservice er ikkje dette systemet fullt ut installert enno, men det vil kome med det første.

Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen

Bildetekst: Den nye løypeleggingsmaskinen til Stordal Fjellservice
Foto: Kristian Almås


Sitski-gruppe i Stordal
Kristian Almås  - 06.12.2010

Vi saksar frå Stordal kommune si nettside:

Det er no oppretta eiga sitski-gruppe i Stordal. Sitski vert ei undergruppe innan Stordal Alpin, med eige styre der Åge Maridal, Gunnar Larsen og Albert E. Giørtz er med. Det er verd å merke seg at dette er den einaste sitski-gruppa mellom Trondheim og Bergen.

Reportasje på TVSunnmøre

Bildetekst: Guro Larsen på sitski
Foto: Privat


Lang kuldeperiode
Kristian Almås  - 28.11.2010

Det har vist seg problematisk å kome i gang med snøproduksjonen i Overøye, men utover i veka vil det bli gjort nye forsøk på å få dette til. Den langvarige og sterke kulden ser ut for å vare enno ei tid. Det er heller ikkje meldt snøfall med det første. Til saman gjer dette at det er vanskeleg å seie nøyaktig når skisesongen kan kome i gang for fullt.

Bildetekst: Vinter med frost ved Puskebrua
Foto: Kristian Almås


Utbetring av trasear for turløypene
Kristian Almås  - 07.11.2010

Også denne hausten har Stordal Fjellservice fått utført ein del utbetringsarbeid i løypetraseane. Arbeidet går stort sett ut på å grave små grøfter som kan leie vatn bort frå traseane og dessutan å få fjerna store steinar og tuer. Dette fører til at det er lettare å kome fram med løypeleggingsmaskinen – særleg når det er lite snø.

Denne helga har det kome 45 cm snø i turområdet, men før snøen kom, fekk dei gjennomført slikt arbeid på strekninga frå Puskebrua til Fokhaugen og på ei strekning på om lag 500 meter i Almåslia.

Bildetekst: Dagfinn Berli arbeider med gravemaskin i Almåslia
Foto: Kristian Almås


Ny skiløype frå Overøye til Puskebrua
Kristian Almås  - 02.11.2010

Stordal kommune står som utbyggar for den nye langrennsløypa som går frå Overøye, ned mot elva og vidare til Puskebrua. Dette er ei strekning på 1800 meter. Her er det no opparbeidt ein flott trase med god breidde for den nye løypeleggingsmaskinen som Stordal Fjellservice har kjøpt. Traseen må krysse både Heimste Tverrelva og Fremste Tverrelva, og dette vert gjort ved å legge ned sementrør med stor dimensjon. Anlegget tilfredsstiller alle krav til universell utforming og vil såleis høve godt for alle som har glede og nytte av å kome ut i naturen på vinterstid. Ein annan stor fordel med den nye løypa er at det blir lettare å kome inn på dei andre oppkøyrde løypene i det vidstrakte løypenettet i Stordalsfjella.

Bildetekst: Ved Kvitlebrua. Dei store sementrøra skal plasserast som bru over Fremste Tverrelva.
Foto: Kristian Almås


Snart er det skisesong
Kristian Almås  - 02.11.2010

Det har vore ein hektisk haust med store anleggsarbeid i Overøye/Langsæterområdet. Arena Overøye starta i fjor opp med montering av snøproduksjonsutstyr, og dette arbeidet har halde fram i haust. Etter planen skal heile anlegget vere ferdig 2011/2012. Vatn til snøproduksjonen blir henta frå Øravatnet.

Bildetekst: Frå snøproduksjonen ved Arena Overøye vinteren 2009/2010
Foto: Magnus Selboskar


Sesongslutt 2010
Kristian Almås  - 25.04.2010

Arena Overøye blir no stengd for sesongen. I første del av januar var det lite natursnø. Det vart då produsert ein del kunstsnø, men aktiviteten ved skianlegget kom ikkje skikkeleg i gang før i slutten av januar. Etterjulsvinteren har elles vore prega av mykje godt vinterver og gode forhold for alpinsport og andre skiaktivitetar. Endelege tal for besøk og driftsresultat ligg enno ikkje føre, men sesongen 2009/2010 har vore ein god sesong for skisenteret.

Vi takkar alle brukarane for ein flott sesong. Vi takkar også alle som har hjelpt til med dugnadsinnsats for Arena Overøye 2009/10.

På arbeidsprogrammet for sommaren står mellom anna vidare arbeid med snøproduksjonsutstyret og bakkeplanering på ein del utsette punkt i traseane.

Velkomne tilbake til hausten!

Det er framleis godt med snø i Stordalsfjella, og det er no ei fin tid for toppturar og andre skiturar i terreng utanfor opptrakka løyper. Vi viser til nettsida for Stordal turlag. Der finn du mellom anna også turprogrammet deira for fotturar framover sommaren og hausten.

Stordal turlag

Bildetekst: Driftsleiar Tor Peter Innselset og dagleg leiar Rune Støversten ser tilbake på ein god sesong.
Foto: Arena Overøye


Stort snøfall
Kristian Almås  - 18.04.2010

Kalenderen viser 18. april, men likevel har det i dag kome minst 30 cm nysnø i Overøye. Det er nokså kaldt slik at snøen er av god pudderkvalitet i høgda. På grunn av snøfallet vart det utover dagen vanskeleg å ta seg fram på vegane – og då særleg for dei som hadde lagt om til sommardekk. Trass i det var det bortimot 50 personar som dreiv med laussnøkøyring i dag.

Dagleg leiar ved Arena Overøye Rune Støversten seier i kveld at dei vurderer å halde skianlegget ope også helga 24. og 25 april. Etter langtidsvarslet er det ikkje venta store temperaturforandringar framover til komande helg. I alle fall vil det vere nok snø til at trekka kan køyrast. Det kan også hende at pudderkvaliteten vil halde seg. Det er ikkje sikkert at skiutstyret skal leggast bort heilt enno. Utover veka vil vi halde deg orientert om snø- , ver- og køyreforhold, og det kan vere lurt å sjå på nettsida vår for å få rett informasjon om dette.

Bildetekst: Laussnøkøyring i Overøye
Foto: Kristian Almås


                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS