Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Velkommen til Arena Overøye

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

I dag 5. februar 2012 kl 07.50: Lettskya, opphaldsver, vindstilt, -3 grader.
På garden Overøye er snødjupna no 120 cm.
Det er svært gode forhold i alpinbakkane.

Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl 18.00 til kl 21.00

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden

Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen


Aktivitetsdag avlyst
John Kristian Hjelle  - 05.02.2011

Grunna manglande påmelding må vi diverre avlyse den planlagte aktivitetsdagen laurdag 5 februar.
Vi vil nok prøve å få arrangert den ved eit seinare høve.


Svært gode snøforhold i Stordalsfjella
Kristian Almås  - 26.01.2011

Det var kveldskøyring med stor aktivitet i alpinløypene i går kveld. Snøforholda kan neppe bli betre enn dei er no, og mange vil sikkert bruke alpinanlegget og turområdet komande helg.

Rassikringsarbeidet i fjellsida nedanfor Øranakken tar i første rekke sikte på å sikre Overøye Fjellgrend som no er under utbygging. Når rassikringa er ferdig, vil området nedanfor rassperrene også bli tryggare for laussnøkøyring.

Bilde: Rassikring i fjellsida ved Øranakken
Foto: Kristian Almås


Turløypene
Kristian Almås  - 26.01.2011

Stordal Fjellservice har no eit løypenett på 25 km oppkøyrde løyper i Stordalsfjella. Ved hjelp av nettstaden http://skisporet.no/moreogromsdal/stordal kan ein finne god informasjon om dette løypenettet. Her kan ein velje mellom 5 ulike ruter og få opplysningar på kart om kvar ruta går, prepareringsstatus, lengde og grafisk framstilling av høgdevariasjon.

Bilde: Ved skiløypa i Overøye
Foto: Kristian Almås


Brøytt veg til Puskebrua og ny parkeringsplass
Kristian Almås  - 26.01.2011

Dette er første vinteren vegen frå Overøye til Puskebrua blir brøytt. Det siste stykket av vegen før brua er utvida i breidda slik at denne utvidinga tener som parkeringsplass. Ved god utnytting av denne plassen vil behovet for parkering vere dekt i vanlege utfartshelger. Det står att å sjå om dette er nok i påska og andre store utfartshelger.

Bilde: Parkeringsplassen ved Puskebrua
Foto: Kristian Almås


Vinteraktivitetsdagar i Arena Overøye laurdag 5 februar 2011
John Kristian Hjelle  - 25.01.2011

Arena Overøye inviterer til aktivitetsdag i samarbeid med Bardum AS.
Dagen følgjer samme opplegg som tidlegare, dvs. at vi ønsker ei påmelding på førehand om du er interessert i å nytte deg av tilbodet.
Vi ønsker beskjed om spesielle behov.


Stordalsrenna 19. og 20. feb. 2011
Kristian Almås  - 25.01.2011

Det blir skirenn i Stordal 19. og 20. februar. Terminliste for Møre og Romsdal Skikrets finn du ved å trykke på linken:

Terminliste

Bilde: Kristiane Nakken i slalåmløypa
Foto: Hallgeir Hove


Fantastisk helg for skientusiastar
Kristian Almås  - 09.01.2011

Med temperatur rundt 0 grader, lettskya pent ver og tørr og lett nysnø kan ein knapt tenke seg betre forhold for skiaktivitet i Øvre Stordal. Leiinga for skisenteret er godt fornøgd med besøkstal og driftsinntekter så langt. Laurdag viste billettsystemet rundt 500 einskildpersonar og søndag bortimot 500.
Søndag var første dag med trening for den nye sitski-gruppa. Dei uttaler seg også svært positivt om forholda denne helga. Det var fem deltakarar som var med på treninga søndag, men dei ventar at fleire vil kome til etter kvart som dette blir meir kjent.
Ute i skiløypene var det berre lovord å høyre om godt preparerte løyper i turområdet.

Bilde: Albert E. Gjørtz og Fredrik Solvik med sitski.

Foto. Kristian Almås


Full drift ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 07.01.2011

Til komande helg er alt klart for full drift ved skianlegget. Fire forskjellige rails og ein Big Jump er klare til bruk. Nakkeløypa er preparert, og Poma-trekket blir starta opp. Skibandet har alt vore i bruk og er i orden. Arena Overøye køyrer altså med full kapasitet på alt utstyr, og alt ligg til rette for ei helg med skiaktivitetar av alle slag. Det har kome mykje snø den siste tida, og forholda i løypene er på topp. Status for preparering av turløypene kan sjekkast ved å følgje linken til Stordal Fjellservice.

Vel møtt til skiopplevingar i Overøye og Langsæterområdet!

Bilde: Skiaktivitetar ved Arena Overøye
Foto: Bjørnar Midtbust


                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS