Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Stor utfart til Arena Overøye påskeaftan 2009

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 11.04.2009

Vi reknar med at tilstrøyminga av folk til Arena Overøye og turområdet har sett dagsrekord for denne sesongen i dag. Billettsystemet registrete 600 einskildpersonar i trekka. Parkeringsplassen vart oppfylt ved 12- tida, og etter det måtte mange parkere langs fylkesvegen.

Parkeringsvaktene var på plass og gjorde ein god jobb med å få plassert bilane slik at dei ikkje hindra trafikken på vegen. I tillegg til dette var det parkert svært mange bilar på private parkeringsplassar rundt om i hytteområda. Alt i alt reknar vi med at talet på bilar kan ha vore rundt 800. Dette fortel oss at talet på skientusiastar kan ha vore på same nivå som det var langfredag og 1. påskedag i fjor.

Ver- og føreforholda var i dag heilt på høgde med det ein kan ønskje seg i ein påskeferie. Vi meiner at knapt halvparten av dei som bur på hytter eller er her på dagsturar, bruker skitrekka og alpinbakkane. Dei andre går på lange eller korte skiturar i opptrakka løyper. Familiar med små born kan lett finne høveleg terreng for rasting og skileik.

Tida er no inne for toppturar i Stordalsfjella for dei som har lyst og føresetnader for det.

Forslag til skiturar i Stordalsfjella

Ein aktivitet som det synest å ha blitt meir og meir av, er hundekøyring. I går vart det observert i det minste tre hundekøyrarar som var ute med hundespanna sine.

Bilde: Arena Overøye påskeaftan 2009
Foto: Kristian Almås

                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS