Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Rekordutfart for denne sesongen

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 08.01.2012

Teljeapparatet ved Arena Overøye viste 665 gjester mot slutten av dagen i dag. Ver og føre kan knapt bli betre enn no, og skiinteresserte i alle aldrar var å sjå over alt i anlegget. Ein nokså oppfylt parkeringsplass og tendes til kø ved billettluke og påstigingsstasjonar var også tydelege teikn på stor aktivitet.

Storparten av det vidstrakte løypenettet i Stordalsfjella er no nypreparert, og dei som var der, kunne ta seg fram på eit gnistrande føre.

Ein del skientusiastar av den sprekaste sorten gjekk til toppen av Stolen (1395 m.o.h.) og kunne då på ein bokstavleg måte sette sine spor nedover fjellsidene der.

Bildetekst: Stor aktivitet og gode forhold
Foto: Kristian Almås

                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS