Ny skiløype frå Overøye til Puskebrua
Skrive av:
Kristian Almås Innlagt den 02.11.2010
Stordal kommune står som utbyggar for den nye langrennsløypa som går frå Overøye, ned mot elva og vidare til Puskebrua. Dette er ei strekning på 1800 meter. Her er det no opparbeidt ein flott trase med god breidde for den nye løypeleggingsmaskinen som Stordal Fjellservice har kjøpt. Traseen må krysse både Heimste Tverrelva og Fremste Tverrelva, og dette vert gjort ved å legge ned sementrør med stor dimensjon. Anlegget tilfredsstiller alle krav til universell utforming og vil såleis høve godt for alle som har glede og nytte av å kome ut i naturen på vinterstid. Ein annan stor fordel med den nye løypa er at det blir lettare å kome inn på dei andre oppkøyrde løypene i det vidstrakte løypenettet i Stordalsfjella.
Bildetekst: Ved Kvitlebrua. Dei store sementrøra skal plasserast som bru over Fremste Tverrelva. Foto: Kristian Almås
|