Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Informasjon til kundane våre

Skrive av: Kristian Ålmås
Innlagt den 15.02.2009

I år er det 30 år sidan det første skitrekket kom på plass i Overøye. Dette Poma-trekket er framleis i drift, men under det store utbygginga i 2005/06 kom det nye T-trekket samtidig som heile anlegget fekk standardheving på mange andre måtar. 18. februar 2006 var det opningsfest for det nye anlegget, slik at det no er tre år sidan i desse dagar.

Den store utbygginga førte til stor auke i talet på brukarar i anlegget. Sesongen 2007/08 vart ein svært vellykka sesong og den beste i alpinsenteret si historie. Vi reknar med at anlegget hadde ein auke i personturar på 35% frå sesongen 2006/07. Trekka vart opna 17. november og sesongen vart avslutta først 27. april. Alle trekka gjekk utan store tekniske problem, og utstyret elles viste seg også å vere driftssikkert.

Det er gode parkeringsforhold ved Arena Overøye. I sesongen 2007/08 tok parkeringsplassen unna den store trafikken – kanskje bortsett frå eit par dagar i påska, då det til dels også vart parkert langs fylkesvegen.

Opning av T-trekket 180206  Fyrverkeri

                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS