Aktivitetsdag laurdag 20. februar
Skrive av:
John Kristian Hjelle Innlagt den 05.02.2010
Arena Overøye vil arrangere skidag i Stordal laurdag 20. februar, kl. 1130-1630. Det vil bli moglegheit for å prøve og lære om mange ulike vintersports-hjelpemidlar, alt frå sittande alpinski (eigenkjørt eller ledsagarkjørt), ake- og langrennsutstyr.
Med rett utstyr og tilpassingar kan alle delta i aktivitetar. Både dei som er aktive og kan delta sjølv og dei som vert ledsagarkjørt.
NB! PÅMELDINGSFRIST 12. FEBRUAR! Sjå heile invitasjonen her .
|