Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Heiskort

Prisar for sesongen 2011-2012

VILKÅR FOR KJØP AV FAMILIESESONGKORT:

  • Pakken vert kjøpt samla og gjeld heile familien (2 vaksne og barn under 15 år). For barn f.o.m. 15 år t.o.m. 18 år på kjøpstidspunktet vert det eit tillegg på kr. 500,- pr. barn. Barn under 8 år er gratis.NB! Desse aldersbetingelsane gjeld også for familie dagskort.
  • Godkjent legitimasjon vert kravd av alle familiemedlemmar.
  • Heile betalinga skal skje kontant eller med VISA ved kjøp og utlevering.
  • Ved misbruk av familiesesongkortet kan heile familien risikere at kortet vert sperra.Med misbruk meinast utlån av sesongkortet til ein annen person enn den det tilhøyrer. Kortet er personleg. Også innan familien!! Eigar er tydeleg skrive på sjølve kortet!

ALPEPASS:

  • Alpepass kan nyttast også under renn.
  • Fleirdagarskort (frå 2 dagar og opp) vert berre å få som Alpepass, der kunden fritt kan velje dagar og bruksstad.

SKOLEPRIS:
Skolepris for dagskort er kr. 170,- pr. elev.

GRUPPERABATT:
Det vert gitt grupperabatt på 10% for kjøp av turar/kort ved grupper på 15 eller fleire.

EVT. DRIFTSSTOPP:
Det blir ikkje gitt erstatning ved driftsstopp, t.d. på grunn av dårleg ver, straumbrot, maskinfeil eller liknande.

OM KEY CARD:
Vi har innført Key Card på alle heiskort.

Key Card er eit gjenbrukskort og er din eigedom. Har du ikkje Key Card frå før, må du kjøpe eit slikt ved ditt første kjøp. Kortet tek vare på miljø- og servicemessige omsyn og du kan nytte det same kortet ved mange skisenter i Noreg. Kortet kostar kr. 75,- og ved retur får du refundert kr. 25,- (Kortet må vere intakt for å få refusjon). Key Card varer 3 til 5 år.

KEY TICKET kan kjøpast viss du berre skal ha eit dagskort og ikkje har behov for påfyll og gjenbruk. Det må i så fall kjøpast nytt KEY TICKET for kvar gong du kjøper. Dette kjem i tillegg i prisen.

                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS