Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Velkommen til Arena Overøye

Arena Overøye er no stengd for sesongen.

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Kveldskøyring tirsdag og fredag: kl 18.00 - kl 21.00

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden

Stordal Fjellservice Løypemaskinen

Kontakt: post@stordalalpinsenter.no
Mobil: 90700903 / 90719011


Sesongslutt 2012
Kristian Almås  - 29.04.2012

Sesongen for Arena Overøye starta 10. des. 2011 og vart avslutta 29. april 2012. Dette har vore ein lang sesong med gjennomgåande godt ver og gode snøforhold. Skisenteret har følgt dei oppsette opningstidene, og berre unntaksvis har trekka vore stengde på grunn av dårleg ver eller andre grunnar. Alle kan sjå tilbake på ein god sesong utan alvorlege ulykker av noko slag. Besøkstalet har auka med rundt 30% frå sesongen 2010/2011, og driftsinntektene har auka i same takt.

Arena Overøye vil takke alle brukarane for ein flott sesong. Takka går også til dugnadsgjengen, sponsorar og andre som har hjelpt til med å halde anlegget i gang.
Det blir avslutningsfest for inviterte i varmestova, men dato for dette er ikkje bestemt.

Velkomne tilbake til hausten!

Bildetekst: Ved varmestova i Overøye
Foto: Kristian Almås


Skuleskidagar ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 16.04.2012

I morgon 17. april kjem Kolvikbakken skole og skal avvikle skuleskidag i Overøye. Då kjem også ei gruppe elevar frå Spjelkavik videregående skole. Saman med denne gruppa kjem skuleelevar frå ein nederlandsk skule. Dei er på besøk, og dette er då det tradisjonelle opplegget som mange kjenner att frå tidlegare år.


Stor påskeutfart til Overøye og Langsæterområdet
Kristian Almås  - 06.04.2012

Langfredag starta med gråver, men utover dagen betra veret seg. Sola skein, og snøforholda var slik som ein ønskjer seg no ved påsketider. Dei ansvarlege for drifta av skisenteret kunne opplyse at det var rundt 1000 personar i alpinbakkane denne dagen. På parkeringsplassen ved Arena Overøye er det plass til rundt 400 bilar.


Påskesalg!
John Kristian Hjelle  - 01.04.2012

No kan ein gjere eit kupp i skiutleiga, det er PÅSKESALG av både nytt og brukt skiutstyr!


Opningstider i påska 2012
Kristian Almås  - 30.03.2012

Arena Overøye held ope heile påskeferien. Meir presist betyr dette at skisenteret er ope kvar dag frå og med laurdag 31. mars til og med måndag 9. april frå kl 10.30 til kl 16.30. Det blir ikkje kveldskøyring i påskeveka.
Velkommen til Stordal og Arena Overøye!

Bildetekst: Opp med T-trekket
Foto: Kristian Almås


Den store utfartsdagen for skuleelevar 2012
Kristian Almås  - 27.03.2012

Tidlegare i år er det berre få skuleklasser som har hatt skuleskidag ved Arena Overøye. I dag 27. mars vart den store utfartsdagen då mange hundre elevar fekk boltre seg i skibakkane. Vi talde 15 bussar på parkeringsplassen, og det kom elevar frå fire forskjellige skular. Berre frå Spjelkavik barneskole kom det ti bussar som frakta rundt 500 elevar. Det var fint ver, og snøforholda i skibakkane er enno gode. Dei fleste vil venteleg oppsummere med at dette var ein vellykka skidag.

Bildetekst: Skibandet er populært for dei yngste
Foto: Kristian Almås


Stengt på grunn av mykje regn
Kristian Almås  - 12.03.2012

Det blir ikkje kveldskøyring tirsdag 13. mars.


Dårleg ver
John Kristian Hjelle  - 10.03.2012

På grunn av det dårlege veret må vi dessverre stenge T-kroken og Pomatrekket i dag.

Vi vil halde ope familietrekket så lenge veret tillet det.


                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS